Kronikk i Harvest viser at man ikke er enige i alt
Grunneigar-kampanjen mot DNT på Hardangervidda er utan støtte i forskning. Det
er på tide at skinnargumenta og halvsanningane som vert nytta i kampanjen mot
fotturistar og DNT på Hardangervidda blir avslørt, skriv Reidar Borgstrøm, forskar
ved NMBU. I den seinare tida er det sett i gang ein kampanje for å få stengt Den
norske turistforening (DNT) sine hytter på Harangervidda. I avisinnlegg og sosiale
media er det oppmoda til å ikkje gje løyve til merking av skiløypene til desse hyttene
og nekta hyttene å frakta inn det som trengs av forsyningar.
Hardangervidda villreinutval med sekretær Svein Erik Lund har stått i brodden for
denne kampanjen, som òg har fått med seg dei grunneigarlaga i Buskerud og
Telemark som dekker deler av vidda. Dette er mildt sagt oppsiktsvekkjande, og det
er også oppsiktsvekkjande at enkelte NINA-forskarar har kome med liknande utspel.